Minerva
Av: Morten Søberg - 6. april, 2009 5 kommentarer  
Minerva publiserer her et utdrag fra Morten Søberg sin nye essaysamling Senatet som aldri vart.

Lagtinget: fysisk midtpunkt, konstitusjonell ruin – og politisk fyrlykt
Punktum i kjømda: – Rekorden min er eitt minutt og sytten sekund, seier lagtingspresident Inge Lønning og kaldflirer. Sakte, men sikkert har lagtingsmøta vorte stendig stuttare. Snart konvergerer møtelengda mot null: Hausten 2009 er Lagtinget borte; ute av politikken, avløyst av historie.
 
Vi står inne i sjølve lagtingssalen, det er sein haust og tidleg ettermiddag. Samtalen krinsar rundt talekultur og debattreglar. Lønning nemner den avlidne tingmannen Henrik Ameln (òg frå Høgre og Hordaland). Ameln vart i si tid klubba ned av presidenten fordi han sa at helvta av tingmennene var idiotar. Dinest gjorde tingmannen det godt att ved å hevda at helvta ikkje var det. Eg har lese at just Ameln – fyrst som tingmann, dinest som lekmann – sette namnet sitt under alle dei fire grunnlovsframlegga det seinaste hundreåret om å leggja ned Lagtinget.
 
Lagtingspresidenten fortel at ordskifta i Lagtinget kan vera friare og meir opne enn i Odelstinget og i Stortinget i plenum. – Det fyrste innlegget til lagtingsmennene er og skal vera utan noka tidsavgrensing. Fyrst under dei neste innlegga byrjar klokka å tikka. Jamvel då er tidsråmene vidare enn i Odels- og Stortinget. Alt dette er på papiret – mest som ein platonsk idé. Lønning seier i alle fall at Jan P. Syse kan henda fekk unna lagtingsmøte endå raskare enn han.
 
Skort på tidsgrenser opnar òg opp vide rom for filibustertaktikk: uthaling av debatten for å hindra vedtak. I røynda er ovringa mest kjend i og frå det amerikanske senatet. Der er senatorane frie til å dra ordskifte inn i meiningsløysa. I Lagtinget er det ingen ferske far etter slik åtferd. Berre usynlege råmer som sjeldan merkjer lagtingsmøta:
 
– Likevel har eg stundom tenkt at her er det mogeleg å ha verkeleg levande debattar. Spela kammermusikk, seier lagtingspresidenten.
 
Usynleg midtpunkt
Lagtingspresidenten tek seg god tid til å visa meg lagtingssalen. Han er ein slags kopi av stortingssalen. Småskala og lett annleis. Berre to sete for statsrådar. Lengst bak: ei rad stolar attmed vindauga for eventuelt nyfikne odelstingsrepresentantar. Publikumsgalleriet liknar på ein tredimensjonal linjal. Lønning peikar på at talarstolen står rett andsynes – ikkje jamsides – presidentsetet.
 
Tidlegare var stortingsbygningen svakt symmetrisk. Lagtingssalen kunne òg skimtast frå utsida. No er han heilt gøymd av eit nybygg frå etterkrigstida. Såleis har Lagtinget i røynda vorte bygt inn til eit fysisk, men nær usynleg midtpunkt på Løvebakken.
 
Men hausten 1926 drog denne salen til seg all politisk merksemd og konstitusjonell åtgaum i riket:
 
Norigs Riksrett. På vegner av Odelstinget fører eg fram klagemål for den høge domstol mot: Statsminister h.v. Abraham Theodor Berge, statsråd h.v. Odd Sverresøn Klingenberg, statsråd h.v. Christian Fredrik Michelet, statsråd h.v. Cornelius Middelthon, statsråd h.v. Johan Henrik Rye Holmboe, statsråd h.v. Angers Venger og statsråd h.v. Karl Wilhelm Wefring for brot på grunnlovi og lovi frå 7. juni 1828 um det konstitusjonelle andsvaret.
 
Eg legg fram stemning til kvar av dei som klagemålet gjeld, aksjonsdekret for kvar serskild av deim, vedteke i Odelstinget den 16. juli 1926, og odelstingsvedtak frå 14. og 16. juli um dette riksrettssøksmålet.
 
Kven var «eg»? Jo, Ketil Skogen den 4. oktober 1926: odelstingsmann og aktor i den – til no – siste av dei åtte riksrettssakene i Noreg. Då var Odelstinget påtalemakt. Den dømande makta var samansett av lagtingsmenn og høgsterettsdomarar. No er reglane annleis. I 2007 brigda Stortinget riksrettsinstituttet og løyste opp rollene til Odels- og Lagtinget i slike saker.
 
Eg høyrer med Lønning om mogelege riksrettssaker i framtida òg skal førast her inne. Han veit ikkje, men seier at riksantikvaren etter alle solemerke kjem til å stogga tida her inne. Alt innbu, alle fargar, all rørsle: frys.
 
Gløymt opphav
Amerikanske tankar flaug over Eidsvoll i 1814. Der såg Johan Gunder Adler og Christian Magnus Falsen helst at Lagtinget skulle byggjast over same leist som Senatet i USA. Dei ville at lagtingsmennene til liks med amerikanske senatorar skulle veljast for seks år – mot to år for dei meinige representantane i Odelstinget. Alle dei folkevalde der skulle møta veljarane annakvart år, medan berre ein tredjedel av lagtingsmennene var meint å veljast eller veljast opp att i lag med dei. Dette svara noggrant til den amerikanske ordninga med val til senat og representanthus, som framleis gjeld.
 
Aldersgrensa for lagtingsmenn var òg tenkt å vera høgre enn for mennene i Odelstinget: tretti mot einogtjue år. I tillegg laut dei norske senatorane ha midel og innkomer over konstitusjonelt sette grenser. Såleis skulle Lagtinget vera staden for dei fremste menn i landet: ansvarlege, ubundne og lovkunnige i eit overhus merkt av sindig ro og ettertanke; lett skjerma frå folkeleg ståk og lause flogtankar.
 
Alt på Eidsvoll i 1814 avviste derimot riksmøtet den amerikanske senatstanken til Adler og Falsen. I staden gjorde stormennene der paragrafar etter konstitusjonen til Den bataviske republikken. Han var geografisk lokalisert i territoriet til det som no er kjent som kongedømet Nederland.
 
Grunnlova deira vart skriven i 1798. Sjølve teksten kom eg over på verdsveven. Han inneheld òg ein referanse til skipnaden vår med odels- og lagting. Etterherminga levde langt lenger enn grunnforma: Den bataviske republikken kvarv alt før den norske grunnlova kom til. Fyrst den 20. februar 2007 gjorde Stortinget vedtak om å gravleggja Lag- og Odelstinget. Etter stortingsvalet i 2009 er det over. Den sitjande lagtingspresidenten var mellom dei 159 som røysta for det avgjerande grunnlovsbrigdet. Berre odelstingsrepresentanten Sverre Myrli ropa høgt «Nei!» og ville halda på den bataviske tokammerordninga.
 
Skriftlege minne
Lagtinget har djupast sett handla om lover, og lovene skil seg frå alt anna: Med lov skal land byggjast, men Rom vart ikkje bygt på éin dag. Lov har alltid kravt tid – og orden: to likelydande vedtak i dei to kammera på Stortinget med minst tre dagar mellom dei. Slik skal det òg vera i framtida om lover skal verta røyndom. Men då lyt vedtaka gjerast i Stortinget, ikkje i kammera til Stortinget. Framleis skal eit slikt lite tidsrom skilja slike vedtak. Den mest berrsynte arven etter Lagtinget er kan henda denne seinkingstanken.
 
Kva meir? Eg spør Lønning om det er noko som går tapt no, om politikken taper noko på at Lagtinget går ut or tida? Fartsrekordane hans seier sitt, og resten av svaret er uklårt. Eg tolkar han såleis at det var over og ut alt for lenge sidan. Heilt frå om lag 1910 har det vore skikk og bruk å la dei politiske partia på Stortinget vera tilnærma likt representerte i båe kammera. Såleis har det vore høge odds for at Lagtinget skulle kunna utgjera noka alternativ politisk kraft. Partigrupper er rett nok ikkje alt: Stundom stig suverene einskildpersonar opp or dei med eigne syn, verdiar og overtydingar. Endå sjeldnare har desse munna ut i motstridande fleirtal i odels- og lagting.
 
Heilt til det siste kjem lagtingspresidenten til å rangera framføre presidenten i Odelstinget. Han er nummer tre på rangstigen, etter stortingspresidenten og visepresidenten. Attåt dette hierarkiske minnet kjem Lagtinget til å leiva etter seg skrift. Dansk, bokmål og nynorsk. Leksikografiske oversyner og kronologiske opprit. Mellom nokre av linene står det at publikumsgalleriet var fullsett den 9. februar 1962:
 
Presidenten: Det ligg føre eit brev av 8. februar frå Stortingets presidentskap til Lagtinget: «Presidentskapet har drøftet spørsmålet om tiltaleformen til presidenten i Stortinget og avdelingene og mener at man skal beholde tiltaleformen ‘Herr president’, men at man også kan benytte formen ‘Ærede (vyrde) president’, som da vil være den tiltaleformen man alltid benytter overfor en kvinnelig president.» Presidenten gjer framlegg om at brevet vert lagt ved protokollen – og ser det som vedteke.
 
Presidenten den dagen lydde namnet Magnhild Hagelia. Ho vart den fyrste kvinna som leidde eit møte på Stortinget. Jamvel ein konstitusjonell parentes kan hysa politiske vendepunkt. Venteleg vil dei skriftlege lagtingsruinane lenge vera i fullgod stand og lett tilgjengelege. Det empiriske spørsmålet er om denne daude skrifta kan gje dei levande ein peikepinn om kva politikk i eit konstitusjonelt demokrati både kan og bør vera.
 
Ukjend framtid
Turn off your mind, relax and float downstream, song John Lennon. Eg flyt fritt ned hit: Den 18. mai 1901 røysta eit knapt fleirtal av lagtingsmennene for å senda eit lovframlegg attende til Odelstinget. Der hadde brorparten gått inn for å utvida den lokale røysteretten til alle menn og gje han til skatteytande kvinner. Det viste seg at fleirtalet av tingmennene i Odelstinget heldt på sitt. Difor ny førehaving i Lagtinget den 25. mai. Der skifte to menn meining på sju dagar. Såleis stødde til sist 15 av 29 den nye lova.
 
Ein vakker dag slumpa eg til å lesa opprita frå desse ordskifta. Særskilt innlegga og replikkane i lagtingssalen verkar utenkjelege i dag. Eg ser at statsministeren er til stades båe gongene. Eg høyrer at Ibsen sviv over vatna gjennom tilvisingar til både stockmanske sanningar og den kompakte majoriteten.
 
Kanskje kjem politisk kvalitet alltid til å vera dimt; vanskeleg å setja ord på, alt anna enn einfelt å måla. Men like fullt råd å få auga på, ikkje minst for over hundre år sidan. Olaf Sveinsson (Venstre, Bratsberg Amt) gjekk visstnok berre tjue dagar på skulen, brevbyttest med Ivar Aasen og sat eit sneis år på Stortinget. I Lagtinget den 18. mai 1901 tok han ordet og bruka det til å setja ord på idealet i eit representativt folkestyre:
 
Jeg synes altid, det bedste er, at en tingmand har aabent visir – aabent visir paa forhaand, før han bliver valgt; saa kan han trygt følge sin overbevisning, saa har han foruden sin egen overbevisning ogsaa vælgernes tilslutning til sin egen overbevisning, og saa behøver han ikke at spørge dem. Jeg synes saaledes, at jeg ikke behøver at staa her og skjælve i sliren, naar denne sag foreligger, skjælve bare naar en ser en artikkel i et blad, eller naar der kommer et telegram.
 
Lagtinget vart aldri noko senat. Likevel stig gardbrukaren og kyrkjesongaren Sveinsson her fram frå det skriftlege oppritet som ein norsk senator av kjøt og blod, med alvor og ljod. Kor mange tingmenn tenkjer slik i dag?
 
Tomorrow never knows: Eg seier til Inge Lønning at politikken i morgon òg hadde vore tent med fleire eigne røyster enn berre atterljomen av røystene til dei som har valt dei, partipiskar og mas frå dusinmenneske. Han synest vera samd.
  • Morten Søberg er politisk rådgiver for Senterpartiet.

Av: Morten Søberg - 6. april 5 kommentarer

5 kommentarer til “Senatet som aldri vart”

  1. sentrumskonservativ skrev 6. april, 2009 kl. 00:00

    MeldingAll ære til Sverre Myrli, som var den eneste representanten som stemte mot opphevelsen av Lagtinget den 20. februar 2007. I de kommende stortingsperioder vil man komme til å merke hvilken verdi Lagtinget hadde, både symoblsk og reelt. Med andre ord vil norsk lovgivning svekkes. Vent og se.

  2. bigboyen skrev 8. april, 2009 kl. 00:00

    Spennende lesning. Det får en til å tenke på hvordan politikere vi har. Vi har politikere som ikke er personlig ansvarlig, men som gjemmer seg bak et parti. Det virker som lojaliteten til partiet går over lojaliteten overfor folket, og det er galt. En ting er at man binder seg til å stemme for det valgprogrammet som partiet representanten er innvalgt for. Men hva med alle spørsmål som ikke er beskrevet i programmet? Og hva med alle kompromissene som strider mot programmet som representaten er valgt inn på? Er det virkelig slik at parti skal gå først uansett?

    Jeg vil ha politikere som er personlig ansvarlig for sin stemme i Stortinget. Jeg vil ha politikere som setter foten ned når de er uenig med partiet, og som setter sin egen overbevisning først. Jeg syns det har vært trist å se stortingsdebattene med SVs sine representanter, fordi de i sak etter sak må argumentere for ting som verken står i programmet eller de selv mener. De bedrar både seg selv og sitt folk. Det blir selvsagt mest tydelig hos de mest radikale partiene, men det var aldri flertall i Stortinget for å gjøre sexkjøp ulovelig. Men et kupp av landsmøtet til AP gjorde at en rekke AP-representanter i Stortinget stemte mot sin overbevisning. Og det på et punkt som ikke var omtalt i valgprogrammet som representantene ble valgt på. Hvem skal folket stille til ansvar, det er jo ikke landsmøtet i AP som skal motta folks dom.

    Jeg har ikke stemt de to siste valgene, og en av grunnene er at det personlige ansvaret er borte. Det er ingen som snakker om det personlige ansvaret i noen sammenheng lengere, og det er kanskje det tydeligeste beviset på at vi er blitt et land hvor alle er sosialdemokrater.

    Og med selvstendige politikere så ville lagtinget faktisk hatt en verdi.

  3. sentrumskonservativ skrev 12. april, 2009 kl. 00:00

    Søberg skriver: “Heilt frå om lag 1910 har det vore skikk og bruk å la dei politiske partia på Stortinget vera tilnærma likt representerte i båe kammera.”

    Betyr dette at representasjonen i Lagtinget før dette var helt uproporsjonal med valgresultatet? Var det i så fall det som gjorde at Sverdrup gikk seirende ut av riksrettsstriden om parlamentarismen? Da lurer jeg veldig på hvordan Lagtinget ble konstituert, slik at det var mulig for Venstre å fylle tinget med sine egne folk. Har Søberg tilgang til noe materiale om dette? Er det for øvrig noe sted man kan finne en historisk oversikt over Odelstingets/Lagtingets medlemmer, presidenter, visepresidenter etc., for ikke å snakke om referater som går lenger tilbake enn 1998 (Stortinget.no)? Debatten om partnerskapsloven i Lagtinget kunne f.eks. være interessant å lese, sett i lys av dagens situasjon. For øvrig står det ikke noe å lese på Stortinget.no om hvilke representanter som stemmer for og hvilke som stemmer imot lovforslag, f.eks. den kjønnsnøytrale ekteskapsloven. (http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1317) Så vidt meg bekjent er dette informasjon de politiske journalister har tilgang til, men at det ikke er allment tilgjengelig, må være noe i nærheten av et demokratisk problem.

  4. Protus skrev 16. april, 2009 kl. 00:00

    Sentrumskonservativ, det jeg kommer på å ha lest er i boken “I politikkens sentrum” av Trond Nordby. Der kunne man bl.a. lese at et vesentlig antall lagtingsmedlemmer i tiårene etter 1814 hadde juristbakgrunn (i et diagram).

    Grunnen til at Lagtinget ble avsakffet kan i praksis være, (foruten fraværet av aristokrati eller skikkelig elite her til lands) at politisk debatt opphørte her etterhvert. Når 1/4 av stortingets medlemmer skulle velges inn i Lagtinget etter valget verget de fleste representanter seg fra dette fordi de i praksis ble ekskludert fra stortingsdebatter i alminnelige lovsaker.

    Et problem med Lagtinget etter mitt syn er at det ikke ble valgt i et separat valg, men ble valgt ut etter åpningen av stortinget. Hadde det vært separate valg kunne man f.eks. hatt noe høyere stememrettsalder (slik det fungerer i noen tokammersystemer), samt høy valgbarhetsalder, gjerne slik at kun veteranene havnet der.

    Med systemet vi hadde for valg til lagtinget kunne man i det minste kanskje ha sørget for at ansinitet avgjorde hvem som havnet der ?

    En annen ting er at lagtingets mulighet for å være konserverende ikke ble utnyttet (årsaken har jeg nevnt ang. fravær av debatt, ikke separat valg osv.), dersom lagtinget stemte ned en lov skulle den sendes tilbake til odelstinget, men om de gjorde dette 2 ganger (eller 3 ?) måtte det vedatak til i plenum med 2/3 flertallskrav, ergo kunne kammeret ha fungert som bremsekloss etter grunnlovsfedrenes ønske.

    De siste tiårene har det vel skjedd en eneste gang at lagtinget stemte ned en lov en gang, slikt skyldtes gjerne at en vararepresentant hadde tatt sete og saken dreide seg om lokalisering av en institusjon. Det var det jeg fikk høre av guiden på omvisning på tinget for rundt tre år siden.

  5. Wanted dead or alive: Eit klassisk Sp « minerva skrev 10. november, 2009 kl. 06:03

    [...] Søberg (f. 1969) er politisk rådgiver for Senterpartiet og forfatter av boken Senatet som aldri vart. Av: Morten Søberg – 10. [...]

Skriv en kommentar

Vi forventer en sivilisert debattform uten personangrep. Minerva forbeholder seg retten til å fjerne upassende kommentarer.

Minerva
Minerva
Akersgata 20
0158 Oslo
post@minerva.as
RSSHent siden på RSS