2009 var ikkje prega av korkje Store Forteljingar eller Store Spørsmål. Og godt er det.
Ser ein gjennom det som vart utgjeve av norske teikneseriar i 2009, finn ein ingen Joe Sacco, Marjane Satrapi eller Dave Sim, og det gleder meg sterkt. For i eit politisk miljø som det vi har i Noreg, der du står fritt til å ytre deg nett som du vil, burde kunstnarar få utvikle uttrykket sitt utan forventingar om instrumentell matnytte.
Dei to førstnemnde serieskaparane burde vere kjende (Palestine og Persepolis). Den sistnemnde sin Cerebus er ein av dei mest ambisiøse teikneseriane nokosinne, og har kanskje av den grunn, og på grunn av Sims anti-feministiske meiningar, ikkje fått den heilt store merksemda utover dei som allereie interesserer seg for eksperimentering med mediet. Meir enn å sakne seriar som tek politiske standpunkt er eg nesten meir uroleg for effekten det kan ha at enkelte organisasjonar ser mediet som ein frisk måte å møte ungdommen på.
I eit politisk klima som det vi har i Noreg, er det ikkje i veldig stor grad behov for ein politisk kunst.
Gode år, små forteljingar
Det er få kampar om samfunnspørsmål å spore i norske teikneseriar, og ein kunne undrast over at dei svært sterke serieskaparane vi har i Noreg ikkje let frå samfunnsståstad viktige problemstillingar få større plass. Samstundes er det slik at mykje verkeleg Politisk kunst høyrer heime i ein kontekst der kunsten er den einaste måten å nokolunde fritt hevde divergerande synspunkt, av di open meiningsutveksling vert sensurert. I eit politisk klima som det vi har i Noreg, er det ikkje i veldig stor grad behov for ein politisk kunst, av di ein har moglegheit til rett fram å presentere sine synspunkt og meiningar, utan å måtte frykte sensur.
Ein hovudgrunn til at ein kan sleppe unna med mykje meir innanfor kunsten enn i det offentlege ordskiftet elles, ligg i kunsten sitt anlegg for ambivalens. Når kunst ”vekkjer ein”, er det som oftast ikkje av di den fremjar eit argument spesielt godt og tydeleg, men nett fordi den friare kan blande saman ulike synspunkt på ein måte som er overraskande, og kanskje helst vanskeleg å møte. Slik er det som gjer den særleg godt eigna til å vekkje oppsikt rundt eit emne, også det som gjer den mindre eigna til å delta i diskusjonen rundt emnet.
Dag Solstad hevda i 2008 at det ikkje har lykkast makthavarane å destruere eit einaste betydeleg verk. Det er ei ytring det er umogleg å stadfeste sanninga i, men det som er mogleg å stadfeste er at svært mange politikarar har vorte stogga, fengsla og sensurerte. Kunst er gjennom å kunne vere ambivalent og open for tolking svært vanskeleg å kontrollere, men dette gjer at den står svakare i høve formidling av bodskap.
Da jeg reddet verden
Fjoråret gav ein teikneserie som skilde seg ut når det gjeld politisk innhald. I 2008 reiste Lene Ask på oppdrag av Norad til Tanzania for å lage teikneserie om mødre- og barndødelegheit. Boka Da jeg reddet verden tek utgangspunkt i dei seks historiene prosjektet resulterte i, samstundes som Ask si rolle og oppleving av prosjektet vert tillagt meir vekt. Om ein skal snakke om politisk teikneserie i Noreg i dag, vert det naturleg å ta utgangspunkt i denne.
Gjennom å presentere seg sjølv som heile tida å vere ute etter meir og meir liding og tåredryppande historier, oppnår Sacco fleire mål, eitt av dei er å auke eige truverd.
Det uttalte formålet med prosjektet var å ”øke nordmenns kunnskap til tusenårsmålene fire og fem om å redusere barnedødelighet og å bedre mødrehelse”, og teikneserie vart valt som medium med bakgrunn i ei tru på at ei alternativ og ny presentasjonsform ville gjere det lettare å få bodskapen fram, og å nå ut til ”flere enn de som vanligvis er opptatt av fattigdom og utvikling”.
Lise Myhre, som ofte er svært tydeleg i høve særleg dyrevern og miljø har no samarbeida med LOOP om ei ”miljøutgave” av Nemi. Også her er tanken den same: ”Tegneserie er et underholdende og godt virkemiddel for å nå fram til de unge. Vi trenger å komme med noe nytt.” Dette må seiast å vere verdige mål, og det er for så vidt gledeleg at Norad og LOOP ser mediet som sterkt og friskt, for det er det.
”Politisk korrekt kunstner”
Etter den merksemda som framleis vedvarer rundt Sacco sin Palestine og Satrapi sin Pesepolis, er det ikkje noko å seie på avgjersla å invitere ein serieskapar til å dokumentere ei studiereise av denne typen.
Likevel er det ”Å tegne om et alvorlig tema som mødre og barnedødelighet, er ingen enkel oppgave”, som det står på Norad sine nettsider, om eg enn mistenker at Norad og mine sine grunnar for å rekne det som eit vanskeleg prosjekt ikkje er heilt dei same. Eg trur ikkje dette kom opp i utstillinga til Norad, men i Jippi-utgjevinga fortel Ask sjølv at ho er skeptisk til prosjektet, og er i tvil om ho i det heile skal takke ja. Ho har ikkje lyst til å ”tegne mygg”, underforstått å la kunsten sin verte styrt, og vere ”en sånn politisk korrekt kunstner. Som lager kjedelig kunst om Afrika”.
Det finst alt frå byrjinga ein motstand mot prosjektet, og kunstnarisk ligg veldig mykje av styrken til boka nett her.
Ein veit det snart går galt når ho svarar ”Selvfølgelig! Jeg har alltid tid til mine afrikanske søstre”.
Kommunikasjonsproblem
Sacco greier i Palestine meisterleg å vise fram nokre av problema med å velje eit medium som er svært godt eigna til å vekke affekt. Gjennom å presentere seg sjølv som heile tida å vere ute etter meir og meir liding og tåredryppande historier, oppnår han fleire mål, eitt av dei er å auke eige truverd. Ved å tilsynelatande ikkje legge noko i mellom i skildringa av seg sjølv, vert det mogleg for lesaren å godta at sjølv om han teiknar folk med sterkt karikerte trekk, kjem dette ikkje av eit vestleg og fordomsfullt blikk.
Ask nyttar ein del av dei same strategiane i sitt prosjekt. Ho framstiller seg sjølv på ein uhøgtideleg, nærast sjølvnedsettande måte, og er heilt open om sine fordommar, sine feilsteg og sine tankar om det ho gjer. Ho har rett nok ein annan og mykje meir naiv journalistisk metode enn Sacco, om ein i det heile kan tale om metode i høve dette prosjektet, men så er då også Sacco utdanna journalist.
Skildringa av korleis ein Utrop-journalist presenterer henne for to afrikanarar under utstillinga som avsluttar prosjektet, er interessant i så måte. Ein veit det snart går galt når ho svarar ”Selvfølgelig! Jeg har alltid tid til mine afrikanske søstre”. Ho trur ho skal møte fans, men møter to sinte damer som kjenner seg forulempa av måten Ask opptrer på.
Ask er altså open om at det er eit kommunikasjonsproblem i prosjektet hennar. Ho ønskjer å overskride skilnadene mellom seg sjølv og dei ho møter, men er avskoren frå dette. Det er ikkje mogleg for henne å kommunisere på det planet ho ønskjer.
Ein felles isolasjon
Her nærmar Da jeg reddet verden seg noko ein kan trekkje fram som eit felles moment i mange av fjorårets utgjevingar. 2009 var ikkje eit år mest prega av korkje Store Forteljingar eller Store Spørsmål.
Vi fekk Flu Hartberg sin Horgan, forteljinga om den arbeidslause og tiltakslause Horgan, som glir motstandslaust frå nederlag til nederlag, Tor Ærlig gav ut Mare Frigoris der han mot normalt nyttar antropomorfe figurar for å fortelje ei tragisk historie om moralsk fall årsaka av lånte fjør. Andrew Page og Martin Ernstsen skriv og teiknar på kvar si side fram Kunsten å knyte en knute og Fugløya, begge frå marine og små miljø. Øystein Runde smeltar vikingar, Olav H. Hauge og klassisk manga saman i Soga om Olav Sleggja.
Zofies Verden gir inntrykk av at ein kan ta tak i kva det skal vere, berre ein tar hardt nok i det.
Veldig mange av dei figurane og forteljingane som kom ut, er på eit vis avskorne frå sine omgjevnader, dei er meir eller mindre isolerte frå folka rundt seg eller samfunnet som heilskap.
Innfallsvinklane varierer i tematiseringane, det er til dømes ikkje alle som er så avstengde og ute av stand til å endre seg som Hartberg sin Horgan, men sjølv figurane i Kunsten å knyte ein knute, som ikkje berre kjem seg ein stad, men som også kjem saman på vegen dit, vert forlatne av ein teiknar som zoomar ut og let spørsmålet om dei har funne fridomen henge i sjølufta. Oppleving av samfunnet som kunstig, lukka og overflatisk stod også sentralt i ei av dei mest omtalte utgjevingane for to år sidan, nemleg Soft City av Pushwagner.
Bryte ut av mønstera
Ei stripe som tek eit meir direkte oppgjer med denne avsondringa, er Zofies Verden. Denne stripa gir inntrykk av at ein kan ta tak i kva det skal vere, berre ein tar hardt nok i det.
Om ein med politisk kunst meiner det som vender seg utover og opnar for å tale om dei strukturane som er så inngrodde at ein knapt har språk for det, er det få som gjer akkurat det betre enn Grethe Nestor og Norunn Blichfeldt Schjerven.
Der Ask på svært vellykka vis ønskjer å ”fortelle en historie som ellers ikke ville blitt fortalt” av di den hender ein annan stad med nokon andre enn oss sjølve, vender Zofies Verden om på det vi omgir oss med på ein slik måte at ein ikkje lenger tenkjer på det.
Seriar som har den politiske kommentaren som si primære målsetjing, vil nesten aldri kunne verte vellykka som teikneserie.
Meir spesifikt tek denne stripa ofte opp ein diskusjon rundt ting vi pratar mykje om, men gjennom å snu på kjønnsroller, trekkje saka til sitt ytterpunkt eller ganske enkelt skale av ein del av eufemismane og faste vendingane som ligg så lett tilgjengeleg for oss, kjem det fram moglegheiter for å bryte ut av desse mønstera.
Setup, Punchline, Bottomline
Seriar som har den politiske kommentaren som si primære målsetjing, vil nesten aldri kunne verte vellykka som teikneserie, og berre i enkelttilfelle fungere framifrå som politisk kommentar. Eg trur norske serieskaparar er svært klar over dette, og at dei derfor let andre mål styre arbeidet sitt.
Nemi har aldri vore ein serie om miljøspørsmål, og eg trur det hadde vore eit tap for norsk seriekunst om den hadde vore det. Da jeg reddet verden er ikkje fremst ei bok om kvinnehelse i Tanzania, så mykje som det er ei bok om Ask sine tap og sigrar under prosjektet.
Ikkje minst er begge desse representantar for norske serieskaparar si evne til å utfordre og utvide teikneserien som medium, og så lenge dei gjer det er eg komfortabel med at Jonas og Jens får ta jobben med å redde verda.
- Kyrre Matias Goksøyr (f. 1982) er medlem av styret i Oslo Comics Expo og juryen for Sproingprisen.
Vil du kommentere denne artikkelen, kan du gjøre det her.



